-
·
Prekvalifisering av arkitekter til skulen klar
I fjor haust blei anbodsutlysinga av ny skule utssett, fordi anbudet ikkje var lyst ut i EØS-området. No er ny utlysning gjennomført og dei 4 arkitektkontora som skal være med i konkurransen om å tegne ny skule er klar.Dei 4 arkitektkontora vil med det første besøke Eikefjord og ta gamleskulen i augesyn, sjå bygda og…
-
·
Mobbing blir teater
Tor Henning Karlsen vart mobba gjennom heile skuletida, og gjekk difor til sak mot Flora kommune for tapt undervising som vaksen. No skal historia hans verte fortalt som klasseromsteater for elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen gjennom skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Les meir i Firda
-
·
Uhell ovanfor Storebru
Ein bilførar var uheldig i morgontimane i dag. I svingen ovanfor parkeringsplassen til skytebana miste han kontrollen og hamna i grøfta. Medtraffikanter hjelpte han med å få bilen på vegen att og trille den ned på parkeringsplassen. Sjåføren hadde ikkje fått skader, medan bilen var litt inntrykt i fronten.
-
·
Skirenn på søndag
Skirennet går som oppsatt på søndag kl 14 og påmelding seinast kl 13:30. Det er komme litt meir snø på Humlestøl og tidleg på ettermiddagen lørdag var det ca -5 grader ved skihuset.
-

·
Pålebu i Kyrkjebukta
Per Øyvind Sørbø vil prøve å realisere bua som er teikna og godkjent som ein del av reguleringsplana for Kyrkjebukta. Per Øyvind har fått på plass ein ansvarshavande for bygging av landgangen ut til bua, så no vil han sende ny byggesak til kommunen. Han vil bygge bua ut frå ein nostalgisk tanke og av…
-

·
Skøytebane på skulen
Eikefjord skule har, med god hjelp av Bjørn Øren og brannvesenet, fått sprøytt halve fotballbana for å lage skøytebane. Bana skulle eigentleg vere klar til bruk fredag, men diverre har nokon køyrt ut på isen før den var skikkeleg fryst og laga djupe spinnespor. Bana er sprøyta på nytt fredag kveld, men må sprøytast endå ein…
-
·
Fotball KM innandørs
Eikefjord skal delta i KM Innandørs senior som går av stabelen i Nordfjordhallen laurdag 9/1-2010. Eikefjord er i pulje med TMFK 2, Flatraket, Bremanger 1og Skavøypoll 2. Beste lag + nokre av 2-arane går vidare til sluttspel.
-
·
Helse, miljø og sikkerhet for bønder
Det blir oppstart av kurs i praktisk HMS-arbeid for bønder på Allhuset måndag 11. januar kl 20.00. Kurslærar er Kolbjørn Taklo. Kurset oppfyller krav til HMS-opplæring av leiarar i landbruket, og KSL sine krav til det same. På kurset arbeider ein konkret med tryggleik på eigen gard. Påmelding til Kolbjørn, tlf 913 96 560 Arrangør,…
-

·
Kino idag
I dag er det kino og første film kl 18 er Knerten. Filmen er basert på Anne Cath. Vestlys bok «Lillebror og Knerten». Andre film kl 19:30 er Luftslottet som sprengters. Tempoet skrus opp enda noen hakk i «Luftslottet som sprengtes», som er den tredje, avsluttende og avgjørende delen i Millennium-serien, og som starter der…
-
·
Postkassesprenging i Leversundet
I løpet av dei to siste åra har postkassane i Leversundet blitt ødelagt 5-6 ganger. Sansylegvis er det fyrverkeri som er blitt brukt. Dei har no lagt ut nokre «følarar» i ungdomsmiljøet og fått inn nokre intresante tips, så neste gang vil herverket bli meld til politiet. Årsaka til herverket er nok at postkassane ligg…