-
·
Open dag på KOA
Mange frå heile Flora kommune hadde funne vegen til KOA på Hopen i går. Kaptein Sabeltann og medhjelperne hans også. Nydeleg sted, ute og inne. Og dei tilsette v/dagleg leiar Åse Iren kunne vise alle rundt på eit sted som vil gje eit godt tilbod til brukarane. Les meir og sjå bilder på den lokale…
-
·
Dugnad i sentrum.
Onsdag 12.05.10 vert det dugnad i Eikefjord sentrum. 17.mai er rett rundt hjørnet, og vi håpar at så mange som mogleg vert med for å gjere sentrum reint og fint!! Grendalaget stiller med kaffi og bossekkar.Ta med jernrive, kost og godt humør, og møt opp utanfor den tidlegare ICA-butikken kl. 18.00. Eikefjord Grendalag.
-
·
Dugnad i sentrum.
Onsdag 12.05.10 vert det dugnad i Eikefjord sentrum. 17.mai er rett rundt hjørnet, og vi håpar at så mange som mogleg vert med for å gjere sentrum reint og fint! Grendalaget stiller med bossekker. Ta med jernrive, kost og godt humør, og møt opp utanfor den gamle ICA-butikken frå kl. 18.00. Eikefjord Grendalag.
-
·
Eikefjord vant over Veitastrond
Veitastrond tok leiinga 1-0 midt i andre omgangen. Eikefjord svara like etter då Dani Brandsøy utlikna med ein vakker lobb. Rett før slutt gjorde Sverre Martin Langedal ingen feil åleine med keeper og Eikefjord tok leiinga 2-1. Dette vart og sluttresultatet, og spelarane på Eiekfjord fekk soleis ein fin start på helga.Les meir hos Eikefjord-fotball
-
·
Tur til Eikefjordstøylen og Hovlandstøylen
Flora Turlag arrangerer onsdagstur til Eikefjordstøylen og Hovlandstøylen. Dei går først opp til Eikefjordstøylen som ligg 390 m o h. Turen opp tar om lag 1 time. Deretter over til Hovlandsstøylen om lag 1 time og traktorvegen ned att til rasteplassen om lag 1 time ned att.Ønskjer ein berre å bli med til Eikefjordstøylen kan…
-
·
Nærleiken sin «Ristorante Italiano» er fullbooka
Nærleiken informerer om at alle bord er bestilt til Italiensk aften i kveld. Quiz’en starter kl 22 for de som ønsker å delta på dette.
-
·
Open dag på KOA
Søndag 9. og mandag 10. mai kl 16.00 vert det open dag i KOA sine lokaler på Hopen. Alle er hjartleg velkomne. Her vert det aktivitetar for barna, servering av grillpølser, kaker, kaffi og saft. Kven veit, kanskje dukkar det opp ein sjørøvar… Vel møtt!
-
·
Bør kommunen heite Florø eller Flora?
Firdaposten sin leiarartikkel den 6. mai tek opp problemstillinga med Florø eller Flora som navn på kommunen. På leiarplass tek redaktør Svend Arne Vee til orde for å kalle heile kommunen Florø.
-
·
Lørdag 8. mai er det World fair trade day!
Nærleiken markerer dagen med gratis fair trade kaffe til alle kunder som kjøper kake!
-
·
«Ristorante Italiano» – etterfulgt av «mafiaquiz»
Restaurant Nærleiken!