Kategori: Nyheter 2010

Små og store nyheter  Eikefjord i 2010

  • Bilder frå Eikefjorddagane

    Eikefjord.net var desverre ikkje på plass under avslutninga av Eikefjorddagane. Har du bilder frå avslutninga, volleyballkampen eller andre begivenheter du vil dele med lesarane?

  • Eikefjordprisen til Bodil og Bjørn Øren

    Dei stolte vinnarar av Eikefjordprisen 2010 er Bodil og Bjørn Øren. Prisen går til paret for den innsatsen dei yter for markedsføring av Eikefjord gjennom hestesenteret på garden. Eg blei helt stum, seier Bodil på telefonen til Eikefjord.net, – og det er ikkje ofte eg blir. Eg hadde ikkje tenkt tanken på at det blir…

  • Eikefjord viste musklar

    Årets krafttak for å syne fram Eikefjord frå si beste side, førte til at eit par tusen fann vegen til Eikefjord i helga. Der vart Eikefjorddagane arrangert for åttande gong. Både strandvolleyball, underhaldning frå scena, kyrkjekonsert og utstillarane fall i god smak hjå publikum. Les meir i Firda

  • Eikefjord vant mot Skarvøypoll

    Sverre Martin Langedal laga målet som sikra at dei oransjekledde tok med seg alle tre poenga heimatt til Eikefjorden! Etter vel 20 minutt ut i kampen får Sverre Martin Langedal eit innlegg på ca 25 meter. På heil volley dunkar han til med venstreslegga, og ballen duppar rett i krysset og 0-1. Les meir hos…

  • Eikefjorddagane er igang

    Eikefjorddagane er igang

    Eikefjorddagane blei opna idag av tidlegare lensmann Rolf Endestad. Rolf snakka varmt om ånda i bygda – dugnadsånda. Når ein er ferdig med eit prosjekt er det berre å finne eit nytt slik at ein held dugnadånda ved like slik som ein no er i ferd med. Overskuddet frå Eikefjorddagane er tenkt brukt til den…

  • Ta ditt eige EIKE bilde

    Ta ditt eige EIKE bilde

    Årets EIkefjord dager nærmer seg med stormskritt, og heile Eikefjorden gleder seg til opninga kl 17.I år har Lone Bareksten malt EIKE på ei sponplate, og Odd Magne har snikra stativ til den og bora ut hull til ansikt. Den vart skikkelig flott og du finn den i eit eige telt bakom ungdomslokalet der det…

  • Vi er klare

    Vi er klare

    Eikefjorddagane opnar i morgon kl 17 i sentrum og kakebakinga er i full gang i mange heimar til det store kakebordet. Etter ein hektisk omgang med dugnad er Eikefjord klar til storinnrykk i helga. Telt i forskjellige størrelser er sett opp på strategiske plassar med 4H midt i sentrum. I kirka er den siste finpussen…

  • Skuleferien slutt

    Mandag 16/8 startar skulen igjen og elevane skal møte i gymsalen kl 12 der rektor ønsker elevar og tilsette velkomne. Deretter går er det opprop og samling i klasseromma med lærarane. Skuleskyssen går til og frå skulen. Skulefritidsordningen er open frå kl 14.35 – 16.30.

  • Eikefjorddagane til helga

    Grendalaget satsar som aldri før på Eikefjorddagane. – Vi har eit meir rikhaldig program enn vi har hatt nokon gong. No kan berre vêret øydelegge for oss hevdar bygdas største optimist ei god veke framfor helgas store arrangement, seier Grendalagsleiar Anders Ole Sunnarvik til Firdaposten. Les meir i Firdaposten

  • God innsats i Jr-NM

    Yngve Grøneng Havn og Trond Ove Hopen var i helga på Askøy og representerte FTIF på Jr-NM i friidrett. Yngve tok sølv i kule med 15,66 med ein jevn serie som viser at han er stabil på desse lengdene. Han vart også nr 5 i diskos.Trond Ove tok ein sterk 3 plass i spyd med…