Kategori: Nyheter 2010

Små og store nyheter  Eikefjord i 2010

  • Nærleiken i jula

    Lillejulaften er siste dag Nærleiken har åpent i dette året; fra kl 14-18. Nå tar vi en lang og deilig julepause, og unner alle våre tilhengere det samme. Minner om romjulsquiz på Allhuset 29.12. God jul og godt nytt år til dere alle sammen. mvhGro

  • Dans med «Hæla i taket» på Allhuset 2.juledag.

    Søndag 26. desember (2. juledag)  opner dørene på Allhuset klokka 21:00. Det er «Hæla i taket» som spelar til dans, og billettprisen er 150 kr. Vi har alle rettigheter og har servering til 02:00. Håper så mange som mogleg vel å ta turen til Allhuset denne kvelden. ARR: Eikefjord grendalag.

  • Juledag i folketonedrakt

    Det er no fire år sidan ein laga ein liten vri pågudstjenesta 1. juledag. Trufaste musikarar og songarar frå Eikefjord, Naustdal og Florø har stilt opp og deltatt i gudstjeneste med litt endra liturgi og folketonar. Det er meininga at kyrkelyden deltar og ikkje berre ser på eit show. Sogneprest Dag Leirvik ønsker alle Eikefjordingar…

  • Ope så lenge det er lys

    Blomsterbutikken InSpire har endra opningstider no i jula. I dag, onsdag og torsdag er det ope til kl 19 eller så lenge det er lys i butikken. Julafta er det stengt. I romjula er det ope onsdag og torsdag 12 – 15. Nyttårsafta er det ope 10 – 13.

  • Trafikkulykke på Grov

    Det var ein personbil på veg frå Svelgen mot Førde som truleg har feilrekna vegfestet då den skulle ta av frå Fylkesveg 614 og køyre inn på riksveg 5. Den trefte hengaren på ein varebil som kom austover rv 5. Høgre framskjermen på bilen vart trykt inn og heile høgresida vart kraftig skadd. Bilen vart…

  • Vil du trene på TrimBua eller treng gåvekort?

    Vi har no opna for trening i TrimBua. Eigentrening kan nyttast i heile jula for dei som ønskjer, men ein må melde seg inn for å få koden til låsen på døra. Spinningen har siste trening i morgen onsdag før jul og startar opp att måndag 3 januar.  Step/pilates har tatt juleferie og startar opp att onsdag…

  • Stakk frå kontroll i Førde, stoppa på Storebru

    Ein bilførar nekta å stoppe for politiet for kontroll i Førde. Politiet fekk stansa bilen ved Storebru på Rv 5. Førar av bilen var ein mann i slutten av tenåra som ikkje hadde førarkort. Han var mistenkt for å ha kjørt i ruspåverka tilstand og vart teken med til lege for blodprøve. Saka vert etterforska…

  • Madeleine på Skywalken

    Madeleine Hamn deltar i delfinalen av den lokale MPG som går av stabelen på Skywalken i Førde 19. desember. Dei tre beste innslaga i Førde går vidare til ein finale i Florø samfunnshus 21. januar. Fem av dei beste innslaga herfrå får opptre i forkant av det store MGP-showet i Storhallen dagen etter.

  • Julekonsert med Koriander og gjester!

    Den etterkvart tradisjonelle julekonserten i Eikefjord kyrkje er her igjen. Søndag 19. desember kl 19.30 kan du oppleve Koriander med eit mangfald av artistar. Det er også denne gangen eit lokalt preg på konserten med artistar i ulike aldersgrupper.Mange har allereie spurt etter billettar. Det er ikkje førehandssal av billettar, dei får du kjøpt i døra frå kl 19.00.

  • Betalingsoppmodning av medlemsavgift EIL

    Som nemnt tidligare er det sendt ut medlemsavgift der KID dessverre ikkje fungerte. Vi oppmodar om å betale medlemsavgifta med melding, der ein oppgjer navnet. Som medlem i EIL støttar du idretten i EIkefjord. For aktive utøvarar kjem treningsavgifta i tillegg. Ved framsyning av medlemskortet kan du få rabattar: –  25% rabatt på fotballutstyr hjå Sko-Olsen i…