Kategori: Nyheter 2010

Små og store nyheter  Eikefjord i 2010

  • Sprell levande

    Det er oppstart «Sprell levande» tysdag 5 oktober i Eikefjord Kyrkje kl 18.00-19.00. Dette er kyrkjelyden sitt tilbod for born mellom 4 og 8 år. Myrkje sang og musikk, bibelforteljing, leik m.m Leiarar: Kari-Ann Leknes og Lisbeth Hovland. Kontaktperson, Eikefjord sokneråd: Liv Torsvik Myrvollen, tlf 93619254

  • Promillekontroll på Grov

    Politiet i Flora hadde promillekontroll på Grov torsdags morgon.Dei kontrollerte 53 førarar, ingen vart mistenkt for promillekøyring. 3 førarar fekk munnleg pålegg.

  • IPOD TOUCH mistet

    Kristine mistet sin IPOD TOUCH på skulen den 29 september. Det var med HTC øreklokker. Den har Kristine sitt navn gravert bakpå med telefonnummer. Om det er nokon som finner den er vi takknemlige om de tek kontakt med Dag på tlf.: 97 54 33 14

  • Vegen stengt i vegkrysset i Holmesund

    Fv 543 Lending – Sandvik er midlertidig stengt på grunn av vegarbeid i vegkrysset til Holmesund. Det er ingen omkjøringsmuligheter. Gjelder idag 30.09.2010 frå klokka 09:00 til 13:00.

  • Tjuveri av brannslukkingsapparat

     Alarm vart utløyst Kl 20:06 etter at eit brannslukkingsapparat var fjerna frå Sundafjellstunnelen på RV5 tirsdags kveld. Brannvesen rykka ut til staden og det viste seg at eit brannslukkings-apparatet var stole. Kilde: Politiloggen

  • Damelaget vann 5-0 over Gaular på måndag!

    I flomlyset på kunstgrasbana på måndag vann damene i frå Eikefjord heile 5-0 over Gaular! Dette var eit resultat heilt i tråd med kva trenar Per-Øyvind Sørbø hadde førespegla i soluret sitt fleire dagar før kampen!

  • Trafikkulykke på Tonheimsstranda

    Trafikkulykke på Tonheimsstranda

    Måndag ettermiddag ca klokka 15.30 var tre køyretøy er involverti ei ulykke mellom på Riksveg 5 ovanfor Hatleset. Vegen var stengd i begge retningar medan redningsarbeidet pågjekk. Luftambulanse, ambulanse. politi. legebil og brannbil var på ulykkesstaden. Ei kvinne i 40-åra sat fast i den eine bilen, og vart sendt til Førde sentralsjukehus i luftambulanse.

  • Damelaget skal spele heimekamp i dag måndag kl 19.30 i mot Gaular!

    Møt opp på bana i dag kl 19.30 og hei damene fram til siger!

  • Damelaget til Eikefjord skal spele heimekamp i mot Gaular i dag kl 19.30!

    Møt opp på bana og støtt damelaget i ettermidag kl 19.30!

  • Tap for A-laget mot Syril

    Tap for A-laget mot Syril

    Eikefjord tapte 2-3 i sola på Eikefjord Idrettspark i går! Dani laga begge måla til Eikefjord, og til pause var stillinga 1-1. To straffespark til begge lag var mellom anna noko av det publikum fekk sjå. Les meir hos Eikefjord-fotball Les og kva Firdaposten skriv om kampen