-
·
Fiskerioppsynet med beslag
Hummarfisket er komme godt igang, men det er også Fiskerioppsynet. Den umiddelbare reaksjonen til Hans Haddal i Fiskeridirektoratet var «det var mykje i området» etter ein inspeksjonsrunde i Eikefjorden. 23 teiner blei tatt på denne turen og gjengangerane er umerka teiner, ikkje fluktopningar eller gjensydde fluktopningar.
-

·
Fotballfest på Nærleiken i morgon laurdag. Dørene opnar for bygdefolket kl 23.00!
Det vert fotballfest for seniorlaga på Nærleiken i morgon kl 20.00. Dørene opnar for bygdefolket kl 23.00!
-
·
På Tur med EIKE TURLAG
Søndag 3.oktober starta vi opp Eike Turlag med aktivitet og treff på stranda. Ein kjekk dag for både store og små. Neste Tur vert førstkommande Søndag 24.oktober kl 11.00 oppover mot Knapstadstøylen (ikkje så langt å gå). Turen passer for alle aldrar. Av aktiviteter vil ein lage gapahuk med presening og brenning av bål, så alle…
-
·
Brei semje om kraftlinja
Linja er no til klagebehandling i Olje- og energidepartementet, og onsdag var energiminister Terje Riis-Johansen i Førde for å diskutere linja. Ordførarane i kommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som vert direkte råka av den planlagde linja var stort sett mest opptekne av mindre justeringar av trasear. Les meir hos NRK SogFj
-
·
Hygge, handarbeid og haustkos
Vår første strikkekveld med In-spire og Nærleiken vart godt mottatt, og no vil vi gjerne invitere til ein oppfølger. Responsen var så god at Nærleiken vil ha fast langope til klokka 2200 den siste torsdagen kvar månad. Da er du velkommen til ein uformell prat, med handarbeid eller ikkje. Og er du nybegynner vil det…
-
·
Åtvarar om Fardal-Ørskog
I kveld kjem olje– og energiminister Terje Riis Johansen til Førde for å møte kommunar som får den knapt 300 kilometer lange 420 kV linje frå Fardal i Sogndal til Ørskog ved Ålesund innom grensene sine. Nokre timar før møtet med kommunane, åtvarar Venstre-leiar Trine Skei Grande statsråden mot å gå i same fella som…
-

·
Fotballfest på Allhuset i dag onsdag 20. oktober kl 18.00!
Fotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde l aga på Allhuset onsdag 20. oktober kl 18.00-20.00. Festen er open for alle, så spelarane må ta med seg familie, slekt og vener!
-
·
Arbeidet med bommen starta
Arbeidet med riving av bommen i Svarthumle er no i gang. Den totale prislappen for jobben inklusiv justering av vegen er på 1,8 millionar kroner. 800 000 av dette skal brukast til å lage ein kontrollplass for politi og vegvesen. Les meir i Firdaposten og Firda
-
·
Årsmøte i Eikefjord Skyttarlag
Eikefjord Skyttarlag har årsmøte torsdag 4. november kl 18 på Allhuset. På årsmøtet vil ein diskutere om ein skal satse 350-400 000 på å bygge ny veg opp til skytebana på Storebru eller om ein skal gå inn i skytebana på Grov med 200 000. Styret ønsker å høyre medlemmane si meining om denne saka.
-
·
Furorestipend til Andreas Løken Taklo
Laurdag 30. oktober er det Furorestipendutdeling i Flora Samfunnshus i Florø. Ein kjekk kveld der Sparebanken Sogn og Fjordane deler ut Furorestipenda på til saman 300.000,- og det blir underhaldning av artistar med røter i fylket. I løpet av kvelden skal også publikum få sjansen til å stemme fram sin favoritt der Andreas Løken Taklo…