Kategori: Artiklar

  • Badestranda klar til sesongen

    Badestranda klar til sesongen

    Store mengder skjelsand er køyrt til badestranda på Sørbøen. No skal det bli kvit og fin strand til badesesongen. For å få tilkøyrt sanden er det laga ein midlertidig vei over graset. Det vil nok ta litt tid før denne lille biten kan brukast igjen. Utjamning av sanden er igang så no er det berre…

  • Avgiftsfri diesel i kontroll

    Statens Vegvesen har vore på kontorll rundt om i Sogn og Fjordane, blandt anna i Eikefjord. Her gav ei dieselprøve frå ein personbil positivt utslag på avgiftsfri diesel. Prøva blir vidaresendt til skatteetaten for analyse og vidare handsaming. – Både sjåfør og eigar er ansvarlege for at bota vert betalt, og den er på 20.000 kroner…

  • Konfirmantane 2022

    På søndag skal konfirmantane frå Eikefjord konfirmerast. På grunn av vedlikehold av Eikefjord kyrkje må eikefjordingane reise til Florø kyrkje for å få utført den kyrkjelege handlinga. Det er sikkert over 200 år sidan eikefjordingane måtte ut av bygda for å bli konfirmerte, den gang i kyrkja på Svanøy. Florø kyrkje søndag 5. juni klokka…

  • Nytt styre i Eikefjord grendalag

    Nytt styre i Eikefjord grendalag

    Eikefjord Grendalag hadde i går kveld ekstraordinært årsmøte der det blei vald inn nytt styre for 2022, der Silje Fraas Øren tek over stafettpinnen som ny leiar. Nye i styret er Astrid Bygdås Høgset og Agnieszka Toporska. Målfrid Steindal og Anne Berit Kvalvik går ut av styret, medan Bendik Liseth går over til å bli…

  • Møte med grunneigarane

    Møte med grunneigarane

    Prosjekt med bruene mellom sentrum og Kvalvik er eit steg vidare. Idag, mandag 23/5, hadde representanter for Vestland Fylkeskommune møte med grunneigarane for å gå gjennom prosjektet og få alle detaljer på plass. Målet er å skrive kontrakt med grunneigarane før prosjektet blir lyst ut på anbud. Håpet til prosjektleiinga er at det blir byggestart…

  • 17 mai er vi så glad i

    17 mai er vi så glad i

    Eikefjorden våkna opp til salutt kl 7 17. mai. Metrologane lova fint veir og det har vi hatt, strålande sol frå ein skyfri himmel. Litt svalande bris ut på ettermiddagen som berre gjorde godt for dei bunadkledde og feststemte i og rundt idrettshallen i bygda. Vi vart ønskt velkommen til hallen med flott spel av…

  • Det våres

    Det våres

    Applaus til fotballgjengen som viste samarbeid, lagånd og vilje til å hjelpe utenom på fotballbana👏

  • Turglede i Tonheimslia

    Turglede i Tonheimslia

    Ein flott tur til Tonheimslia i nydeleg 1. mai-vêr. Staden viser seg nok vakker til alle årstider, men å vere her på tunet ein tidleg maidag gjer verkeleg godt for sjela.   Blåveisen tittar fram mellom steintrappesteg og kvitveisen står så vakkert Mektig utsikt med ramme av nysprungen bjørk Ove Hatleset hadde invitert til Turglede-tur…

  • Grasrot til Eikefjord

    Idrettslaget er nest største mottakar av grasrotmidlar i kommunen. Det er 222 registrerte som til saman hjelper idrettslaget med kr 50 042 inn på konto. Lengre nede på lista finn vi skulemusikken med kr 3865, grendalaget kr 2108 og ungdomslaget kr 1639

  • Turglede til jettegryta på Knapstad

    Turglede til jettegryta på Knapstad

    Vi på Eikefjord skule synes det er viktig å gå på tur, det er bra for kroppen og helsa. Turglede-turane er lett å vere med på, slik som turen til jettegryta og Uravatnet laurdag 23. april. Dette er ein tur som går i noko bratt terreng, men også ein del bortover. Det er mange fine…