Eikefjorden kan fortsatt dugnad
Sammen får vi det til👏
Kjekt å sjå stranda vår bli klargjort til vår og sommer. Med god hjelp frå store og små fekk vi gjort mykje idag. Nettet til volleyballbana er komen opp, båtplassen er tømt, stranda er rydda for tang, mattene ved båten er tatt opp-ny sand under- og mattene over der igjen, trær og busker er skåre ned, nokon busker er tatt vekk mykje ugress er luka vekk, møteplassene er kosta.
Og alt arbeidet vart gjort med bra samarbeid og godt humør🙂
Fleire jobba utover kvelden for å bli ferdig med påbegynt arbeid👏 Og resultatet vart meget bra!!
Takk for innsatsen til alle som var med og bidrog. Dere veit sjølv kven som var med og klargjorde den vakre stranda vår. Ekstra takk til dei som stilte med motorisert køyretøy. Det var til stor hjelp!!!
No kan våren og sommeren komme🌞