Påsketrim
Vi ynskjer alle store og små, barn- unge- foreldre- besteforeldre- oldeforeldre, velkommen til PÅSKETRIM 1.påskedag i Sørmarka kl 15.00-17.00
Vi gjentar suksessen med ein hyggelig uteaktivitet der ein går frå Båthavna og innover Sørmarka og tilbake til stranda. Langs stien vil det vere hengt opp teikninger av påskeegg, så her er det om å gjere å følge med og få telt alle påskeegga. Alle barn som deltek vil få seg ein kjekk overrasking på stranda, og dei voksne vil få servert kaffi. Det vil bli sett opp bålpanner på stranda slik at ein har mulighet til å grille seg ei pølse eller to.
Følg med på vår Facebook side for meir informasjon.
Oppfordrer alle til å forholde seg til vanlege smittevernsreglar i henhold til FHI sine anbefalinger.
Vel møtt!! 🐣🐤🐥