-
·
Vogntog utfor vegen
Eit vogntog med utanlands førar køyrde av RV 5 i vestre ende av Svarthumlevatnet mandag i 9 tida. Vogntoget stogga mot eit tre og det lek ut 4 – 500 liter diesel. Då hendinga skjedde var det glatt på staden. Føraren frå Tyskland vart ikkje skada, men fekk førarkortet kverrsett.Brannvesenet var på plass og vurderte diselutsleppet…
-
·
BINGO
Etter ein god og lang juleferie startar bingoen att førstkommende fredag 8 februar kl 19.30 på Samlingsheimen, Storebru. Det vert 2 spel med mange flotte premier, og i pausen kan ein få kjøpt mat og drikke. Vel møtt!!!!! …
-

·
Rita Eriksen Trio i kyrkja
Det blir KyrkjekonsertFoto: Mona Nordøy med Rita Eriksen Trio som blei kåra til Norges beste vokalist i 2012. Ho starter 2013 sesongen i Eikefjord kyrkje søndag 10. februar kl 16:00. Musikarane som er med er Frank Eriksen og Stian Tønnesen. Billettpris: kr 300,- (Førehandssal: Spar Eikefjord, Narvesen Florø og Narvesen Handelshuset i Førde)
-
·
Jan Arve Solheim med tre KM titlar i helga
KM ski gjekk på Langeland i helga med Førde IL som arrangør. På fredag var det skøyting, på laurdag sprint og klassisk søndag.Jan Arve Solheim tok heim alle tre titlane i menn veteran for Eikefjord IL.
-

·
Klassisk cuprenn 3/2-2013
Endeleg er det snø på Humlestøl. Sjølv om det er i minste laget er løypene gode og føret fin. Over 100 hadde meldt seg på løpet som gjekk i klassisk stil. I 5 km løypa var det Håvard Tonheim som var raskast med 18:26, medan Margunn Eikås var best blandt damene på same distanse med…
-
·
Skirenn
Det blir Skirenn imorgen Søndag 3 Februar kl. 1400, i klassisk stil. På Humlestølen. Husk påmelding seinast 1330. Vel møtt.
-

·
For lite hol
Gardbrukarane i SteindalBilde: Google, Svardal og Osen har fått beskjed om at dei nye dyrebilane til Nordfjord Kjøtt og Nortura ikkje kjem gjennom Svardalstunnelen i Flora. Den har nemleg for lita høgd for dyretransportbilane. – Før leverte eg til Nordfjord Kjøt, men dei har ikkje lenger bilar som kjem gjennom tunnelholet, seier mjølkebonde Beate Steindal…
-
·
ÅRSMØTE EIL
Det vert Årsmøte for Eikefjord Idrettslag fredag 1.mars 2013 kl 18.00 på klubbhuset. Vanlige årsmøtesaker. Innkomne saker meldast til LarsTerje Standal innen 14. Februar 2013.
-
·
Sprell levande og barnekor
Det er «Sprell levande» i kyrkja onsdag 6 februar kl 17.30 -18.30. Deretter har Barnekoret øving, også det i kyrkja onsdag 6.februar kl 18.45-19.45. (tlf 90199410)
-
·
Skirenn
Endelig er snøen komt i lysløypa på Humlestølen, ca 20cm. Forhåpentleg vis kommer det meir snø. Løypa blir køyrt opp i kveld, og vi prøver å få til skirenn på Søndag 3 Februar. Meir info ang. skirennet kommer Lørdags ettermiddag.