-
·
ÅRSMØTE EIKEFJORD GRENDALAG
SUNDAG 07.04.13 kl. 18:00 på ALLHUSET samlast vi til årsmøte i Eikefjord Grendalag. Vanlege årsmøtesaker. Tema etter årsmøte: Planlegging av Eikefjorddagane 2013 (16.-18.08.13). Vonar på godt oppmøte! Venleg helsing Styret i Eikefjord Grendalag.
-

·
Klubbkveld i Førde onsdag 10. april
Bli med når Sport 1 i Førde inviterer heile bygda og idrettslaget på klubbkveld onsdag 10. april kl 18.00. Vel møtt:)
-
·
SOMMARJOBB – Gartnar Kyrkjebukta i Eikefjord
Eikefjord grendalag har gjennom ein driftsavtale med Flora kommune ansvar for vedlikehaldet og plenklipp av grøntanlegget på kyrkjebukta, og i området rundt. Arbeidet går ut på og halde plenane og det som er utplanta i området grøne og fine gjennom vekstsesongen, gjennom gjødsling, plenklipp og rydding.
-
·
Ras på vegen til Svardal
Eit steinras stengde fylkesveg 541 mellom Osen og Eikefjord. Vegen vart stengd fordi det hadde rasa ned ein del småstein og ein ganske stor stein. Den største steinen var så stor at det skulle vere vanskeleg for ein traktor å få han vekk. I 08.40-tida var vegen opna for fri ferdsle. Les meir hos NRK…
-

·
Ruteknusing på skulen
I løpet av laurdag kveld til natt til mandag har det vore to omganger med ruteknusing på skulen. Rektor Heidi H Aasen og FAU-leiar Ingvar T Myrvollen har sendt følgande melding til foreldre ved skulen: Laurdag og søndag kveld/natt blei det knust vindauge på skulen vår. Politiet har vore på staden i samband med herverket.…
-

·
Grunnproblem på skulen
Mandag og tirsdag før påske blei det fortatt grunnboring nedanfor skulen. Det blei tatt opp prøver på marka ved sida av småskulen, på fotballbana og helt opp til skulebygget. Onsdag var prosjektleiar for skulen Jegathesan Jeikishan på plass for å sjå på plassen der det var tatt prøveboring. Han var lite villig til å fortelje…
-
·
Turstien rundt Eikefjord
Eikefjord Idrettslag planlegg et nærmiljøanlegg i området frå Knapstadbakkane via Hovland og Idrettsparken til Kvalvik nord for sentrum og frå Knapstadbakkane til Sørgard, Barnehagen og Miljøstranda i Sørmarka. I Kvalvika vil traseen knyttast opp mot eksisterande Idrettsanlegg i Sørmarka er endepunktet ved Barnehagen og Miljøstranda.Totalt vil anlegget utgjøre ei rundløype på ca 10 km. Idrettslaget…
-
·
Intervalltrening med friidrettsgruppa
Friidrettsgruppa inviterar alle frå 10 år og eldre ( også vaksne) til felles intervalltrening. Oppmøte på Eikefjord stadion – kvar fredag frå kl 18.00 – 19.00 Første samling 5.april. Vi deler oss i grupper avhengig av alderspreidning på deltakarane.
-
·
Trening tirsdag
Friidrettstreningane på skulen går ut idag tirsdag 26/3.
-

·
Påskequiz i morgon onsdag
Dørene opnar kl. 20.30 og quizen startar kl. 21.00. Staden er Allhuset i Eikefjorden. Vel møtt til Mona sitt eige omreisande Quiz Freak Show.