År: 2013

  • Veikingkonvoi i helga

    Veikingkonvoi i helga

    I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 17. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Eikefjordingar, Ålfotingar og andre føter gjort at ein rustar seg til landets største båtkonvoi!

  • Viktig melding frå skulen!

    Vi har mykje klede liggande på skulen som elevar (og andre brukarar av huset) har lagt att. I morgon, torsdag, vil difor alle klede bli samla i gymsalen. Vi ber elevar og føresette om å kome innom i løpet av dagen for å hente det dei eig. Det som då er att vil alle kunne…

  • Jubileumskonsert og dans 7. september!

    Koriander fyller 10 år i år og vil feire dette saman med bygdefolket. Vi inviterer difor alle til jubileumskonsert på Langedalsbua 7. september. Det vil vere sal av øl og vin, og etter konserten vert det spelt opp til dans! I løpet av kvelden vil Koriander også by på underhaldning som garantert vil trimme lattermusklane i salen! :))) Dette vil du…

  • Fotballfest i Førde i dag på Sport 1 for store og små

    Fotballfest i Førde i dag på Sport 1 for store og små

    I dag kl 17-19 er det fotballfest i Førde  på Sport 1 med mellom anna Liverpool-legendene Bruce Grobbelaar og Phil Neal.   Mellom anna er laseren er på plass og den som skyt hardast vinn fotballsko til 2500,-, samt at triksekongen Carl Martin kjem i lag med fleire spelarar frå Førde sitt A-lag. Det er 30…

  • Elevar opna første del av turstiane

    Elevane ved Eikefjord skule har gjordt eit kjempearbeid på den første delen av turstiane som er oppgradert. Frå rasteplassen og utover mot Hogane er det no lagt grus i god bredde. Ikkje berre har elevane gjordt dugnadsarbeidet, dei har også finansiert det heile ved å selge kunst dei sjølv har laga. Kunsten blei auksjonert bort…

  • Bålet vert tent kl. 19.15 i kveld!

    Bålet ved stranda vert tent kl. 19.15 i kveld. Det vil også vere kiosksal.

  • Brannutrykning til barnehagen

    Brannutrykning til barnehagen

    Like over kl 23 i kveld var det full brannutrykning til barnehagen. Heldigvis var det berre falsk alarm denne gangen. Ein stor del av brannmennene i Eikefjord var samla til avsluttningsfest for 10. klasse i Allhuset, så dei kunne berre springe 200 meter bort til brannstasjonen. Der i frå var det berre minuttar før dei…

  • A-laget spelar heime kl 19 fyrstkomande fredag

    A-laget spelar heime kl 19 fyrstkomande fredag

    Kl 19.00 fredag 21. juni spelar A-laget heimekamp mot Selje. Kiosken er open og som vanleg vert det trekking av premie på lodda du får i kiosken. Gratis inngang,Steinvik Fiskefarm har betalt billetten din. Vel møtt:)

  • Jonsokfeiring i Eikefjord

    Det er snart jonsok og det må vi sjølvsagt feire! Det vert tradisjonell jonsokfeiring på Allhuset den 23.juni kl 16.00. Der vert det sal av rømmegraut, kake, pølser og drikke.Brudepar, felespel og hest er sjølvsagt på plass.Vi har og nokre kjekke aktivitetar på lur. Det vert båltenning og grilling seinare på kvelden.Vi gler oss til…

  • Tur til Ramsdalsnipa

    Ikveld arrangerer Løkkebø-Storebru Sanitetslag tur frå Heia til Ramsdalsnipa. oppmøte på Heia kl 18.00. Vel møtt!!!!