-
·
Program for jubileumsdagane klar
Programmet for Eikefjorddagane som blir arrangert 16.–18. august 2013 er klart. Jubileet skal sjølvsagt markerast med eit innhaldsrikt program for alle alders grupper. Det er eit variert barne- og ungdomsprogram med bl.a. dyreutstilling, veterantraktor, plasthopping på ski, båten «Elias», ansiktsmåling og hesteriding for å nemne noko. Programmet finn du her
-
·
Flott sak om badestranda i Firda
«Kiosk, do og parkering rett ved stranda gjer Eikefjord attraktivt i desse dager.» Les saka her.
-
·
Radarkontroll i Svarthumle
Politiet gjennomførte ein fartskontroll på RV 5 i Svarthumle torsdags kveld. Det vart utferdiga 5 forenkla førelegg for å ha køyrt med for høg fart, høgaste fart var 105 km/t. Ein person fekk førarkortet sitt kverrsett idet vedkomande køyrde i 117 km/t i 80 km/t sona.
-
·
Hjalmar Joleik med bronse i NM
NM i feltpistol starta i Larvik onsdag og første greina ut av fire var revolverfelt. Der skyt ein på ulike figurar på ulike avstandar, tida varierar mellom 6–14 sekund på seks skot. Hjalmar fekk 96 av 99 moglege poeng under dagens skyting. – Eg skaut ganske bra i dag, men eg tapte to poeng på…
-
·
Kiosken på stranda er open
På fine dagar med masse folk på stranda så held Mr Sunnarvik kiosken open med sal av til dømes pølse, brus, is og vaffel. Det er fantastisk å ha kiosk på ei strand av denne storleiken, så oppfordringa blir sjølvsagt å bruke ho. Mr Sunnarvik tek både kort og kontant.
-

·
Yrande liv på Sørbøen
Mange bedegjester har funne vegen til Miljøstranda på Sørbøen. Alle nyt det gode veiret vi har denne veka, og fint er det med skyfri himmel og solssteik. Til og med natta er lys og fin med fullmånne.
-

·
Bjøro Håland til Eikefjord dagane 2013
CountrysangerenBilde: fvn.no Bjøro Håland er klar for Eikefjord dagane 16-18 august 2013. Han er godt kjent her i landet,men er stor stjerne i USA. Han er eit av dei store trekkplastrene ved den norske høstfesten i byen Minot i Nord-Dakota, USA. Hver eneste dag fyller han to konsertsaler med et entusiastisk publikum. Ein smakebit finn…
-
·
Dårleg sikkerhet i sløydsalen
Arbeidstilsynet har gjennomførttilsyn i sløydsalen på skulen på bakgrunn av ein tilsett kom til skade under arbeid med ein elektrisk høvel. Arbeidstilsynet sin rapport viser at når det gjeld dreiebenken for trebearbeiding, overhøvel, søyleboremaskin, kappsag og bandsag, mangla alle desse vern mot bevegelege delar. Det er heller ikkje utarbeidd tryggleiks- eller arbeidsinstruksar for desse maskinene.…
-

·
Minibuss til leige
Ynskjer du leige ein oransje minibuss med 16 sete? Fotballgruppa har ein flott slik ein til utleige.
-
·
søndagskafe
Søndagsmiddag 21.7 på samlingsheimen storebru kl 13-16. Meny; Sosekjøtte med tilbehør og riskrem m/rød saus til dessert. Mulighet å få kjøpt kaffi og kake. Kontakt Vigdis tlf 95100911 ved spørsmål. Vel møtt 😉