År: 2013

  • Vorspiel på kafeen

    Vi på In-spire inviterer til vorspiel i kafeen både fredag og laurdag. Vi serverer deilig fiskesuppe, italiensk kjøttsuppe, og våre smakfulle kjøttboller med lun potetsalat, mellom anna  Vi serverer og drikke fra blandt anna Kinn Bryggeri  Velkommen

  • Dåp på Eikefjorddagane

    Dåp på Eikefjorddagane

    Sjørøvarskuta som er innkjøpt til miljøstranda er ca. 5 meter lang og er godkjend for offentleg bruk. Rundt båten vil det bli liggande dempematter. Fallhøgda er 1,50 meter. Sjørøvarskuta er plassert på grasplenen utafor kiosken på Miljøstranda (rett ved sida av badesanden), og det er ikkje vanskeleg å tippe at dette er noko som blir…

  • Dugnad, dugnad, dugnad!

    Minner om at det vert dugnad tysdag, onsdag og torsdag frå kl. 18.00 kvar dag. Ein treng all hjelp ein kan få og grendalaget håpar så mange som mogleg stiller opp. Som takk for strevet får ein nystekte sveler og kaffi.

  • A-laget spelar heimekamp i dag måndag kl 19.00

    I dag måndag tek dei oransjekledde i mot Tornado Måløy 2. Kampstart er kl 19.00. Kiosken er open og det er som vanleg gratis inngang. Vel møtt:)

  • Eikefjord skule og strålingsfare

    Eikefjord skule og strålingsfare

    Kampen mot monstermastene er tapt og alle i bygda har gitt opp kampen. Framleis heng argumentasjonen til motstandarane igjen. Det er strålefare på skulen, i all fall dersom linja blir kjørt med full kapasitet. Ser ein på topografien mellom skulen og mastene kjem ein til eit helt anna resultat enn motstandarane av linja har lagt…

  • Første bokslepp i Eikefjord

    Første bokslepp i Eikefjord

    For første gang er ei bok som er skriven av eikefjordingar om Eikefjord lansert. Den naturlege staden for lansering av boka om kyrkja er naturlegvis i kyrkja. Presse, forfattarar og andre sentrale personar i arbeidet med kyrkja var samla og fekk ei orientering om det som er gjort og skal gjerast med kyrkja. Naturlegvis vart…

  • InSpire og litt til

    InSpire og litt til

    Gode kunde Nokre av dåkke har vore innom i nye butikken, som no rommar både blomster, gave og interiør, klær og sist men ikkje minst kafe og selskapslokale. Denne biten av forretningen er under utvikling kontinuerlig, og vil bli tilpassa etterspørsel og behov. Vi serverer heimelaga supper fra våre beste oppskrifter, ulike supper kvar veke,…

  • Fantastisk skyting

    Fantastisk skyting

    GRATULERER Reidun Kristin Knapstad gjorde ein fantastisk finaleomgang på prinsesselaget og med 99 poeng skaut ho seg opp til ein delt 3. plass med 4 andre damer. Etter fintelling på innertiarane får Reidun 5 plass.  Dette er uten tvil den beste idrettsprestasjon som er gjordt av ein eikefjording dette året. Her er Reidun igang med…

  • Førehandssal av billettar til Sigrid Moldestad

    Det er førehandssal av billettar til konserten med Sigrid Moldestad som er fredag 16. august kl. 20.00 i kyrkja. Billettar får du på Spar Eikefjord og Narvesen i Florø. Førehandssalet vert avslutta torsdag 15. august.

  • Reidun med inner-tiaren i sikte

    Reidun Kristin Knapstad oppnådde onsdag 244 poeng på 25 skot og vart desidert best av skyttarane frå Sogn og Fjordane. Dette lovar godt for landskyttarstemnet vidare, men ho ligg to poeng bak dei beste og skal skyte ekstremt godt for å gå heilt til topps. Idag Torsdag 8. aug kl 16:30 skyt Reidun på skive…