År: 2012

  • Skifest

    Det blir Skifest i Alhuset Søndag 11. November kl. 1400 Det vert servert kaffi/brus og kaker. Premieutdeling og loddsalg. Inngangsbillett 20,- Skigruppa.

  • Årsfesten for idrettslaget

    Årsfesten for idrettslaget

    Årsfesten for idrettslaget laurdag 27. oktober nærmar seg med stormskritt. Du kan melde deg på til Janne Tonheim på jabeto@hotmail.no eller til Hanne Sølvi på 991 61 361 . No er det meldt på over 70 stk til maten, så dei som vil ha nydeleg tapas må melde seg på no før det vert fullbooka. Etter kl…

  • Står på for skulen

    Står på for skulen

    Sentrale personer for den nye skulen i Eikefjord var onsdag på synfaringa på Luster Ungdomsskule. Dette var eit informativt og nyttig møte der rektur Odd Bukve og vaktmeister Ole Magne Leirdal  frå ungdomsskulen i Luster var med. Det vil bli informert om dette ved seinare høve. På bilde: Ole Magne Leirdal/vaktmeister Luster ungdomsskule, Jegathesan Jeikishan/prosjektleiar bygg…

  • ALLMØTE OM EIKEFJORDDAGANE 2013

    Kallar med dette inn til organisasjonsmøte i høve eventuelt arrangement av Eikefjorddagane 2013 torsdag 08.11.12 kl 20:00 på Allhuset i Eikefjord. Eventuell struktur og organisering av arrangementet vil vere einaste sak på agendaen. Lett servering. Møtet er ope for alle!

  • Konsert i Allhuset lørdag

    Eikefjord Skulemusikk inviterer saman med Florø Skoles Musikkorps til konsert i Allhuset kommande lørdag 20, Kl. 16.00. Oktober er det duka for ein musikalsk oppleving for både store og små! Håper dykk tek turen til Allhuset denne ettermiddagen Mvh styret i Eikefjord Skulemusikk

  • Bingo

    Fredag 19.10 vert det Bingo på Samlingsheime, Storebru frå kl 19.30.  Fleire spel og fine gevinster. Velkommen til ein hyggelig og sosial kveld.                   arr.komite  

  • Vi kan, vi vil og vi får det til

    Svend Arne Vee sin leiar i Firdaposten tirsdag tar føre seg turvegprosjektet i Eikefjord kontra dei mange forsøk på gangvegen langs Florøvika og åttetalsstien. I Eikefjord har ein fått i havn underskrifter av 23 av totalt 29 grunneigarar, sjølv om turstien kjem ganske tett innpå nokre av dei. I Florø har dei forhandla i årevis,…

  • Koriander og Svelgen songlag med samarbeidsprosjekt!

    Koriander og Svelgen songlag med samarbeidsprosjekt!

    20. oktober skal Koriander og Svelgen songlag for første gong stå i lag på scena. Det skjer i storhallen i Bremanger.  Søndag 21. oktober kan de ta turen til Svelgen samfunnshus for å oppleve same konserten kl. 17.00. Tema for konserten er musikal og filmmusikk! Her får du høyre låtar av mellom anna Queen, Michael…

  • Totalkostnad for skulen på 100 mill.

    Totalkostnad for skulen på 100 mill.

    Hovudutvalet for kultur og oppvekst (KUOP) skal i dag godkjenne ei revidert forstudie av Eikefjord skule.Totalkostnaden er oppe i 98,7 millionar går det fram i det siste overslaget til Flora kommune. Leiar i plankomiteen Halgeir Helland avviser at dette er ein sprekk. Tidlegare berekningane gjaldt berre sjølve bygga,  og ein vesentleg ny kostnad i kalkylen…

  • Trafikkulykke i Svarthumla

    Lørdag var ein sjåfør uheldig etter at han kom ut av Naustdalstunellen. Det var svært glatt og han miste kontrollen på bilen og køyrde i rekkverket omtrent der bomstasjonen stod. Deretter havna bilen i grøfta og er rekna som totalvrak. Begge personane som er i slutten av 20 åra, vart køyrt til Sentralsjukehuset var lettare…