År: 2012

  • Skulen stengt på dagtid i vinterferien (veke 8)

    Skulen vert stengd for aktivitet fram til kl. 17.00 kvar dag i vinterferien grunna sprengingsarbeid.

  • Pubquiz avlyst!

    Pubquizen som skulle vore i morgon er avlyst grunna sjukdom!

  • Førde-Florø på bana i dag kl 17.45.

    Førde-Florø på bana i dag kl 17.45.

    A-laget til Førde og A-laget til Florø spelar treningskamp på bana i Eikefjorden i ettermiddag kl 17.45. Joakim Knapstad skal vere dommar, og truleg kjem vi til å sjå Eirik Fraas i den kvite drakta i dag og. På linja går Ragnar Åmot og Per Olav Erikstad. Avisa Firda frå storbyen Førde tek turen til…

  • Trafikkuhell på Sundemyra

    Ein bilist var uheldig ca 06.45 i dag tidleg og køyrde i hammaren på Sundemyra. Etter uhellet sperra bilen køyrefeltet mot Florø. Bilen hadde fått store materielle skader i fronten. Årsaka til uhellet er ikkje kjent.

  • Rassikring bak skulen

    Rassikring bak skulen

    Arbeidet med rassikring bak skulen er komme godt igang. Treene som tidlegare voks på kanten av hammaren er rydda vekk og lause parti er merka. Lausmasse blir no gravd vekk for å gi plass til fundamentet for den 5 meter høge natursteinsmuren som skal byggast. Det er mykje leire øverst ved skulen ved sida av…

  • OED sitt trasèval for 420 kV- linja

    Flora Arbeidarparti har fulgt opp vedtak på årsmøtet 8. februar, og oversendt brev til partileiinga i Arbeidarparti, der en ber dei følgje opp Olje og energidepartementet (OED) sitt trasèval for Statnett 420 kV- linja gjennom Flora Kommune.

  • Trafikktryggingsplan for Flora på høyring

    Plan- og miljøutvalet i Flora Kommune har vedteke at forslag til Trafikktryggingsplan for Flora Kommune 2012 – 2017 skal ut på ottentleg høyring. For Eikefjord sin del er følgande med i planen

  • Årsmøte i styrkeløftsgruppa

    Det blir årsmøte i styrkeløftsgruppa kl 20 00 mandag 27/2 på styrkerommet  

  • Klart for pubquiz igjen!

    Laurdag 18. februar er det klart for året første pubquiz på Allhuset. Vi opnar som vanleg dørene 20.30 og startar quizen kl. 21.00. Maks seks personar per lag, 20 kr for å delta. Vinnarlaget stikk av med premiepotten. Arrangør er Koriander og quizvert er Mona Ø. Standal. Vel møtt!

  • Årsmøte Eikefjord skulemusikk

    Årsmøte Eikefjord skulemusikk den 29.2.2012 kl 1800 på skulen.Vanlege årsmøtesaker. Frist for å melde inn eventuelle saker 21.02.