-

·
Hovlandstøylen opp 2012
Sundag 3. Juni går det årlige bakkeløpet HOVLANDSTØLENOPP med 474 høgdemeter på fast og god grusveg og ei løpslengde på 3500 m.
-
·
Bremanger rana 1. poeng
Eikefjord var klart best i ein kamp der Bremanger kom tilbake og fekk to mål på slutten av kampen. På 2-0 fekk Eikefjord sin trenar, Håvard Mjølkeråen, direkte raudt kort etter ei svært tvilsam utvisning. Les meir hos Eikefjord-fotball
-
·
DUGNAD I SENTRUM TYSDAG
Minner om dugnad i sentrum tysdag 15.05 kl. 18:00-21:00. Vi samlast med kostar, river, spadar og det som skal til for å få sentrum feiande flott til feiringa av nasjonaldagen! Lett servering.
-
·
Eikefjordkarusellen 2012 Eikefjord stadion
Tysdag samlast vi til Eikefjordkarusell på Stadion kl. 17.30. Øvingane vert som vanleg 60 m, lengde og kule for alle årsklassar. 300 m for dei litt eldre ungane, og i tillegg kan dei store og vaksne springe 2 km. Medalje til alle som er med tre gonger. Bli med følgjande tysdagar: 1. runde: tysdag 15.…
-
·
Farlegare enn hammaren?
Mesta er i ferd med avslutte sikringsmuren ved Eikefjord skule Her har dei reist svær steinmur, eit megamonument, seks meter høgt langs heile baksida av skulen. Dette er gjort i den gode meininga å sikre elevane mot steinutfall og ras frå den stupbratte bergsida bak skulen. – Eg er redd det er blitt farlegare for…
-

·
Floraleikane runde1 – 9.mai – stor medaljefangst til Eikefjord
Bak frå venstre: Solveig Knapstad, Elemine Ellingsund, Magnus Høyset, Thomas Hallstensen Framme frå venstre: Nora Marie Hesjedal, Marcus Haveland, Sivert Kvame, Vebjørn Humlestøl Solid medaljefangst til «TEAM EIKEFJORD» på Floraleikane runde 1, på Florø stadion 9. mai. Stor idrettsglede i gjengen som i reise i lag med Idrettslaget sin minibuss. Alle deltok på: 400 m, 60 m, kule…
-

·
Bremanger kjem på besøk
A-laget til Eikefjord skal spele kamp på grasbana i morgon fredag kl 18.30. Etter seks poeng på to kampar vert det spanande å sjå om Bremanger klarer å hamle opp med Mjølkeråen sine gutar. Vel møtt!
-
·
Fransk besøk på skulen
Frå 13. til 20. mai kjem 18 elevar og to lærarar frå Frankrike for å besøke skulen og franskelevane ved skulen. Franskelevane i Eikefjord og dei 18 franske ungdommane har hatt kontakt på diverse sosiale medie i eitt års tid. No skal elevane møtast for å utvide språkkunnskapane og bli betre kjende med land og…
-
·
DUGNAD PÅ STRANDA 09.05.12
Minner om dugnad i morgon 09.05.12 kl. 18:00-21:00. Vi måkar vinteren vekk og ryddar rom for vår og sommarsesongen på Miljøstranda! Tysdag 15.05.12 kl. 18:00-21:00 steller vi Sentrum til nasjonalfest. Lett servering.
-

·
Møte om Osenvassdraget
Minner om informasjonsmøte vedrørande fiske og drift av Osenvassdraget som Flora kommune skal ha på Allhuset torsdag 10. mai kl 19:30. Les meir