År: 2012

  • Hovland Kraft opna

    Hovland kraft er no offisielt opna. Eit vellukka samarbeidsprosjekt med lokale leverandører, skriv Brigt Samdal på vegne av Hovland Kraft i Firda.Fallhøgda er 429 meter og ei totallengd på 1800 meter. Det er beregna ein årleg kraftproduksjon på 9,5 GWh, nok til å forsyne om lag 500 husstander. Les meir i Firda onsdag

  • Jonsokfeiring i Eikefjord

    på Allhuset laurdag 23. juni frå kl. 16.00 Sal av rømmegraut, kaffi, kaker, pølse m/ brød og brus. Lynlotteri.   Kl. 18.00: Tog. Brudepar og spelemann med hest og kjerre.   Kl. 19.30: Tenning av bål ved Miljøstranda. Storgrill blir tent. Kiosksal.   Kl. 22.00 Midtsommarquiz på Allhuset Sal av drikkevarer, snacks og pølse m/brød…

  • Tapte toppkampen

    Ein svak start på kampen øydela for eikefjordingane i dag. Diverre klarte ein aldri å snu kampen etter å ha kome under 1-0 allereie etter to spelte minutt. Til slutt stod det 4-0 til FSK2Les meir og sjå bilder hos Eikefjord-fotball

  • Toppkamp i dag

    Toppkamp i dag

    Det er duka for toppoppgjer når eikefjordingane tek i mot Florø 2 i Kvalvika i kveld. Florø ligg som nummer ein på tabellen med 21 poeng, medan tangotrøyene ligg på plassen bak med 19 poeng. Vel møtt! Atle Hopen vert garantert å sjå på tribuna i kveld, kjem du og?

  • Firdaløpet 2012

    Firdaløpet 2012

    Lørdag arrangerte Sunnfjord Veteranbilklubb Firdaløpet. Lunch-stoppen var lagt til Eikefjord og det var samla godt over 100 veteranbiler i sentrum og ved Allhuset. I sentrum var det oppstilling av Alvis biler. Dei avslutta sitt Skandinaviske rally i Florø denne helga.

  • Fotoapparat mistet

    På skuletur denne veka mistet ein elev fotoapparatet sitt. Dei var på tur til Eikefjordstøylen og Hovlandstøylen. Har du sett det kan du kontakte 91776659.

  • Bilulykke på Rimma

    Bilulykke på Rimma

    Kl. 1825 mottok politiet melding om utforkøyring på FV 542 ca 5 – 6 km frå Eikefjord sentrum mot Stavang, nærnare bestemt rett utanfor Rimma.  Det var 3 personar i bilen – ein vaksen og to born. Det er ikkje alvorlig personskade i samband med utforkøyringa, men barna vart sendt til Florø i ambulanser for…

  • Yrkesaktiv 80-åring

    Som alle i Eikefjord veit er Reidar Høyset ein sporty og aktiv kar. At han er 80 år skulle ein ikkje tru når ein møter den spenstige «ungkaren». Reidar er framleis aktiv i yrkeslivet, ein dag kvar 14. dag køyrer han lastebil til Bergen og tek gjerne ekstraturar utenom også. Torsdag feira arbeidskammeratane Reidar med…

  • Branntrening på stadion

    Branntrening på stadion

    Brann hadde ei treningsøkt på stadion i går. Det var ikkje mange som hadde møtt opp for å sjå på treninga og finne ut kor høgt nivå det er på ei trening til eit eliteserielag. På Firdakampen mot Brann fekk både Tommy Løkkebø og Eirik Fraas speletid mot Brann. Nivået i denne kampen skremde ikkje…

  • Brann-Firda i Florø på torsdag kl 18.00

    Brann-Firda i Florø på torsdag kl 18.00

    Også i år har Anders Ole og Ragnar i Toppfotball Sunnfjord fått Brann hit på treningsleir. På torsdag brakar det laust med Brann mot Firda-laget på Florø stadion kl 18.00. Vel møtt til nye og gamle fotballentusiastar denne torsdagen!