-
·
Sosial kveld med strikk og scrappbook……..
Mens vi ventar på våren, vil In-spire invitere deg til hobbykveld på butikken torsdag 24 februar. Vi har materiell og utstyr til scrapbooking, og masse fin tråd og oppskrifter. Det vert tilbud i butikken denne dagen. Har du eit handarbeid du held på med, så ta det med, og nyt det sosiale ilag med oss.…
-
·
Åpningstider på Frisørbua
Frisørbua har fått nye åpningstider
-

·
Bråtebrenning på Middagsholmen
Det er meldt frå om bråtebrenning på øyer i Eikefjorden. Det er kystverket v/Gundersen som utfører arbeidet. Holmen er naturreservat der det ikkje er lov å gå iland frå 1. april.
-
·
Gymsalen stengd
Gymsalen er stengd tirsdag – torsdag denne veka på grunn av vedlikehold. Treningane i gymsalen desse dagane går dermed ut.
-
·
Uavgjordt og tap for A-laget
Eikefjord har spelt dei to første treningskampane i år. Det enda med uavgjordt mot Anga og tap for Tempo. Les meir hos Eikefjord-fotball
-

·
Kraftverket
På grunn av mykje trøbbel oppe på Teinene er no anleggsdrifta på Hovland Kraftverk flytta ned til gamle riksvegen. Her held dei på å legge rørgata gjennom fylkesvegen og er så vidt begynt på grunnen til sjølve kraftverket nedanfor vegen. Her ser vi den djupe grøfta der røra går under fylkesvegen.
-
·
Eikefjord basket med to kamper i helga
Eikefjord basket har kamp i Flora idrettsenter i morra laurdag kl 14.30 mot Gimle og søndag mot Askøy til same tid og stad.
-
·
420kv trase ved Eikefjord
Tor Helge Storevik gir idag svar på Firda sine reportasjer om 420 kv traseen, der han peiker på tilgjengelege informasjon om saksgang og konsekvensutgreiing. All informasjon ligg på Statnett sine sider, ein treng ikkje store oppslag om synsing.
-
·
ÅRSMØTE EIL
Torsdag 3.mars kl 19.30 vert det Årsmøte for EIKEFJORD IDRETTSLAG i Klubbhuset på Stadioen. Handsaming av vanlege årsmøtesaker. Innkomne saker må meldast til Marlyn Tonheim innan 24.februar. VEL MØTT
-
·
TUR MED EIKE-TURLAG
Imorgon, Torsda 17.februar, vert det gåtur frå skulen- havna- kvalvik (krysset ved brua) og tilbake til skulen. Turen passer for alle og ein kjem seg fint fram med barnevogn. Ta med lykt og refleks og møt opp på skulen kl 18.00 På veien vil vi lyse etter reflekser og kanskje dukker EIKE (maskoten) opp? Turen vil…