-
·
Minner om at Eikefjordkalendaren 2011 er i sal.
Eikefjordkalender 2011 er framleis i sal. Kalenderen kan du kjøpe på Spar og In-spire. Den kan og kjøpast på Økland Libris i Florø. Denne kalenderen er den aller siste Eikefjord grendalag produserer, og inneheld som vanleg bileter frå Eikefjord og omegn. Pris: 100 kr.
-
·
Her er styret i fotballgruppa i EIL!
Denne smilande gjengen skal styre fotballgruppa komande år. Andleta skulle vere kjend for dei fleste, men skulle du likevel vere i tvil så trykk på knappen og sjå kva namn som dukkar opp!
-
·
EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE EIKEFJORD IL
Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Eikefjord Idrettslag søndag 20. mars 2011 kl. 20.00 på klubbhuset på stadion
-
·
Endra klokkeslett for årsmøte i Eikefjord grendalag.
Fredag 18.mars er det årsmøte i Eikefjord grendalag. Møtet byrjar kl. 18:30, og dugnadsfesten byrjar med ein gong møtet er ferdig. I år må alle møte i kostyme, for her blir det karneval for alle penga! Det blir blandt anna koldtbord, velkomstdrink, karaoke og pinata. Sal av drikkevarer. Dersom du vil delta på dugnadsfesten, må…
-
·
Minner om årsmøte i Eikefjord grendalag, etterfulgt av dugnadsfest (karneval).
Fredag 18.mars er det årsmøte i Eikefjord grendalag. Møtet byrjar kl. 19:00, og dugnadsfesten byrjar kl. 20:00. I år må alle møte i kostyme, for her blir det karneval for alle penga! Det blir blandt anna koldtbord, velkomstdrink, karaoke og pinata.
-
·
Skisportens dag.
I morgen Søndag er det klart for skisportens dag på Humlestølen. Ta med venner og familie og møt opp:)
-
·
Minner om pubquiz i kveld på Allhuset.
Vi minner om årets første pubquiz, i kveld på Allhuset. Dørene opnar 20.30 og quizen byrjar 21.00. Maks seks medlemmar på kvart lag. Vel møtt! Koriander
-
·
Årsmøte med historisk innhald
Styret i Eikefjord Årelag vil med dette invitere medlemmer og andre intresserte til årsmøte torsdag 24 mars kl 19.00 i lokala til Steinvik Fiskefarm.Vi har fått Magnhild Vassbotn (91 år) til å fortelje om robåtens nytte i tidlegare tider. Ho vil også fortelje om tidlegare kommunegrenser og dei ferdselsårane dei skapte i forhold til det…
-

·
Loppemarked
Første helga i april vil Eikefjord Ungdomslag arrangere loppemarked i game Ica bygget i Eikefjord sentrum. Her vil det og bli salg av kaffi og kaker i tilleg til at du kan gjøre mangen gode kjøp.
-
·
Årsmøte EIKEFJORD IDRETTSLAG
Minner om Årsmøte for EIKEFJORD IDRETTSLAG i morgon, Torsdag 3.mars kl 19.30 på Klubbhuset . Vanlig årsmøtesaker. Enkel servering av kaffi/vatn og frukt. Vel møtt.