-

·
Påskequiz på Allhuset
Onsdag 20. april opnar dørene kl 20.00. Quizen startar kl 20.30. Det er ein etablert tradisjon at bygdefolket samlar seg til kappestrid i kunnskap i løpet av påskeveka. I år er vi ekstra heldige fordi vi har fått Thomas Fraas til å ta rolla som gjestequizvert!! :-)) Forandring frydar! Etter quizen vil det verte laga…
-

·
Rasfare bak skulen
Arbeidet med rehabilitering av skulen har stoppa opp på grunn av rasfare frå berget og ein knaus bak skulen. Ei sprekk i ei blokk over skulen har utvida seg 3,5 cm sidan 1970 og ein del av ein bergknaus ser ut til å være i bevegelse.
-
·
Jenta har det bra
Etter forholdene har jenta som blei påkjørt på Hovland det bra. Det var eit ope brudd i eine leggen som måtte opererast. Det var heldigvis ikkje skade i ankelen. Ho er kommen tilbake frå operasjonen og fått inn skinner på leggbeina. Legen har sagt til foreldra at bruddet vil bli heilt bra, men ho må…
-
·
Påkjørsel på Hovland
Kl. 0841 mottok politiet melding om trafikkulykke på Fylkesveg 542 på inste Hovland der ei jente på 6 år er påkøyrd og vil verte frakta til sjukehus. Ein firda-no-tipsar fortel at jenta gjekk langs vegen saman med andre born, og pilte plutseleg over vegen. Då kom det ein bil. Ambulanse, luftambulanse og politi rykte ut…
-
·
Etterlysing
Hovedstyret i Idrettslaget etterlyste forige veke styreprotokollane som er på avvegar. Også permane med årsmeldingane er på avvegar. Lars Terje som prøver å være detektiv treng hjelp for å løyse gåta. Har du tips når du han på 97 56 96 04.
-
·
Utgreiing av ny barnehageavdeling
Bystyret vedtok tirsdag at ein skal utrede ny barnehageavdeling i Eikefjord. Partiene kappast i desse valgtider om lovnader på barnehagefronten og bystyret vedtok dermed at det første som skal skje er ei utredning om ny barnehageavdeling i Eikefjord. Les meir i Firdaposten eller Firda torsdag.
-
·
Hageprodukt rett heim
Vi på In-spire vil tilby deg som kunde dekkbark, jord, gjødsel etc. Vi reknar med å ha dette på lager til helga, og dersom kundane ønsker å forhåndsbestille denne veka, vil vi tilby levering heim til kunde, til ordiner fraktpris; Sentrum-Knapstad-Storevika-Kvalvik kr 60, ellers kr 120. Da kjem vi med alle varene og leverer på…
-
·
Valgkampen i gang
Det er komunevalg til hausten og partia er alt igang med å posisjonere seg til å sanke flest mulig stemmer. Bengt Solheim-Olsen i Høgre seier til Firdaposten at det i Eikefjord-området er for få barnehageplassar. Vi må sørge for at bustad-utbyggingsprosjekt i Eikefjord ikkje vert stansa på grunn av mangel på barnehageplassar. Det må til…
-
·
Deltaking frå Eikefjord på årets Breimstafett 1. mai ?
Breimstafetten er fylkets eldste idrettsarrangement og samlar kvart år fleire hundre utøvarar i alle aldrar. Breimstafetten blir omtala som vårens vakraste eventyr. EIL friidrett vil forsøke å stille med minst to lag på startstreken i årets Breimstafett, 1.mai. Dette i opa klasse ( dame og herre) og herrer veteran ( over 35 år).
-
·
Har du ein sofa du vil bli kvitt?
Då er skulen interessert i å overta den. Vi ynskjer å lage til sitjegrupper i foajeen, og i desse økonomiske tider har vi ikkje råd til å kjøpe nytt. Difor vert både vaksne og born takknemlege om nokon har ein sofa å gje vekk. Du kan nå oss på tlf 57756260, eller e-post eikefjord.skule@flora.kommune.no Venleg helsing…