-
·
Foto frå 17. mai i Firdaposten
Også Firdaposten var i Eikefjord 17. mai. Her finn du bilda.
-

·
17. mai 2011 i vekslande veir
17. mai feiringa starta tradisjonen tru på skulen med skulemusikken, tale av barna og sang før ein stilte opp i barnetog med kurs for kirka. Ein stopp på vegen ved omsorgstunet før ein fortsette vidare til kirka. Her var det kransenedlegging før gudstjenesta. Gudstjenesta var verd besøket berre med korsangen til Koriander og eit vidunderleg…
-
·
A-laget slit tungt
Fredag kveld blei det 0-3 tap borte mot Selje. Begge laga stod utan poeng etter to serierundar. Selje fekk ein god start som i dei to føregåande kampane, og gjekk opp til 1-0 alt etter 5min. Eit bra angrep på høgresida, med innlegg frå Kristoffer Nøstdal, vart flikka vidare i feltet og Martin Hove sette…
-
·
Konsert på søndag
Søndag 15 mai kl 18.00 blir det konsert i Eikefjord kyrkje. Leszek Michalski som spelar blokkfløyte vil presentere dette instrumentet gjennom musikkstykke i mange ulike stilartar; kjende klassiske perler, viser og poplåtar. Leszek er lærar i Kulturskulen i Flora og er ein virituos musikar. Konserten er GRATIS!! VEL MØTT!
-
·
DUGNAD I DAG
Minner om rydding i Eikefjord kl 18-20. Oppmøte ved In-Spire. Sveler og kaffi.
-

·
Rita Eriksen til Eikefjorddagane 2011
Siste helga før skulestart feirer vi bygda vår tre dagar til ende. Tradisjonen tru er der kyrkjekonsert etter opninga fredag 12. august. Dørene opnar for ei oppleving med Rita Eriksen Trio kl. 19.00 (konsertstart kl. 20.00). Eriksen er kjend og kjær for mange. Kvinna frå Stavanger har vore aktiv plate- og konsertartist sidan tidleg nittital,…
-

·
16. MAI ARRANGEMENT
Eikefjord Ungdomslag ønskjer tradisjonen tru å lage til ei samling for ungdommen i bygda 16. mai. Vi syns det er dumt at ein reiser til by’n denne kvelden når vi har eit godt tilbod heime i bygda. Som tidlegare år vil vi tilby eit arrangement som startar på Miljøstranda med grilling, sandvolley og kanskje bading…
-
·
Minner om dugnad i sentrum!
Torsdag 12. mai kl 18-20 samlast eikefjordingane om å rydde og stelle sentrum til 17. mai!!! Ta med river, greiper og kostar til feiande godt sosialt samver. Vi steikjer svele og serverer kaffi. Oppmøte ved In-spire!:)
-
·
Arbeidsuhell
Ein mann er skadd etter eit arbeidsuhell i Eikefjord. Mannen har fått klemskadar og blir teken hand om av helsepersonell. Politiet er på staden og foretek undersøkingar. Arbeidstilsynet er varsla. Saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.
-
·
HOVLANDSTØLEN OPP 5. JUNI
Hovlandstølen Opp er flytta i år til søndag 5 juni kl. 13.00. Oppmøte på klubbhuset søndag 5. juni frå kl. 10.30 for trim og mosjon for påmelding og uttdeling av startnr.Barneløpet startar kl. 12.30 i svingen nedanfor stølen. Ein må berekne 1 time opp til stølen. Ta trimturen opp med heile familien.