-

·
3. Gå på kyrkjekonsert med Rita Eriksen Trio
11 ting du berre gjer på Eikefjorddagane 1966 var eit flott år. England vart verdsmeistrar i fotball, og Eric Cantona vart fødd berre sju og eit halvt steinkast i frå Stade Velodrome i Marseille. John Lennon sa og dette året at The Beatles er større enn Jesus, noko som ikkje gjekk dei puritanske amerikanarane hus…
-
·
Ta i eit tak!!!
Minner om dugnad for Eikefjorddagane onsdag 10. og torsdag 11. kl. 17. Kom og ta i eit tak – bokstaveleg tala: vi treng folk til å vere med og rigge telt. I tillegg vert der vasking og rydding både inne og ute i sentrum. Sveler og kaffi vert servert etter innsatsen.
-

·
Eikefjord ynskjer velkomen!
Eikefjorddagane blir i år arrangert for 9. gongen. Dagane er dermed blitt ein og er viktig for bygda si marknadsføring. Vi gler oss til å ta i mot deg som gjest, og håper vèrgudane smilar med oss alle denne helga! Eikefjorddagane skal vere for alle, med det lokalmiljøet har å tilby av folkeleg aktivitet som…
-
·
«Eikefjord på langs» – sundag 4. september
Stølsdag i Eikefjord for alle Sundag 4. september 2011: Eikefjord idrettslag friidrettsgruppa inviterar alle til *» Ut på tur dag i Eikefjord fjella » *Bli med du også og gå kanskje på nye stiar ! Start familieløype, parkering og påmelding ved Eurorasteplassen. “Eikefjord på langs”.
-
·
Kom – kom til konsert!!!
I høve konserten med Rita Eriksen Trio fredag 12.08. kl. 20.00 i Eikefjord Kyrkje ligg der billettar til førehandssal på Spar Eikefjord og Narvesen i Florø. Vi oppmodar alle som kan å «løpe og kjøpe»! Billettane kostar 250,-. Førehandssalet vil bli avslutta torsdag kl. 15.00 på Narvesen/Florø og fredag kl. 12.00 på Spar Eikefjord. Vi…
-

·
Fredagsjam
Etter kyrkjekonserten kan du ta turen til sentrum for å høyre husbandet ”LailaBjørnSteinar” spele med open mikrofon. Her kan alt hende! Trioen lovar liv og eggerøre. Tru om teltet vil lette?
-
·
Informasjon om skulestart
Skulen ynskjer alle velkomne til skuleåret 2011/2012! Måndag 15. august skal elevane møte i gymnastikksalen kl.12.00. Les meir hjå Eikefjord skule
-

·
Campingplass som terapi
Som tidlegare nevnt på Eikefjord.net tok Hans Endestad over campingplassen på Storebru på sin eigen fødselsdag. Dette viser seg å bli vegen tilbake til arbeidslivet for Hans, etter eit stygt uhell på fotballbana i Stryn.
-
·
DUGNAD for DAGANE
ONSDAG 10. og TORSDAG 11. kl. 17-19 (eller så lenge det trengs) denne veka vert det dugnad for Eikefjorddagane. Vi møtast ved In-Spire med kostar og utstyr til å rydde, vaske, spyle, slå, pynte og rigge til årets store arrangement i bygda. Her vert nok å gjere, så kom mann av huse og hjelp til!!!
-
·
Gull til Yngve i Jr-NM
Yngve Grøneng Havn tok gull i junior-NM i Kristiansand med eit kast på 16,11 meter. Les meir hos Firdaposten