År: 2010

  • Dani Brandsøy skåra 3

    Eikefjord vann 5-2 i den tredje kampen for sesongen. Motstandar denne gong var Skavøypoll, og til pause var stillinga 0-0. Dani Brandsøy, som byrja på benken, kom i den andre omgangen og laga heile tre mål. Les meir hos Eikefjord fotball

  • Nærleiken stenger tidlig torsdag 29. april!

    Torsdag 29. april må vi dessverre stenge kl 1500. Nærleiken beklager dette.

  • Årsmøte i Ungdomslaget

    Det er årsmøte i Eikefjord Ungdomslag  torsdag 06.05.2010 kl. 19.00 på «Garasja».

  • Takk – Ekstratrekning – Etterlysing

    Eikefjord Skulemusikk vil nytte Eikefjord Nett til å takke for ein flott oppslutning på årets Vårkonsert og Basar. Det er kjekt å sjå at bygda støttar slik opp om korpset vårt. Spesielt vil vi rette ein takk til alle som har kjøpt lodd, og ikkje minst til bedrifter og privatpersonar som raust har støtta oss…

  • Kino onsdag

    Kino onsdag

    Da er det klart for kino igjen. Onsdag 28.04.2010 kl 18.00 er det først  «Dragetreneren» med norsk tale og 7 års aldersgrense. Kl 20.00 er det «The Wolfman» med 15 års aldersgrense

  • Rett Vest 2010

    I lett motvind og temperaturar under 10 grader vart Rett Vest ein kald oppleving for mange av løparane i år. Likavel stilte 470 deltakarar opp på det 39. Rett Vest. Resultata til eikefjordingane er samla nedanfor.

  • Barnehagen

    I lørdagens Firdapost har barnehagen i Eikefjord fått mykje god omtale over 2 heile sider. Barnehagen er den einaste i kommunen som er har ein mann som sjef, og med sine godt 2 meter er nesten alle nødt å sjå opp til han.

  • Eikefjord vant 3 – 0

    I den første bortekampen for sesongen vant Eikefjord med eit sterk 0-3 resultat mot Askvoll/Holmedal. Eirik Endestad, Ørjan Midtun og Bjarte Eikevik laga måla i denne andre runden av 4.divisjon. Les meir hos Eikefjord-fotball

  • Pensjonist tur til Rosendal

    Eikefjord og Naustdal Pensjonistlag arrangerer 4 dagers tur til Rosendal medavreise 7. juni. Dei skal blandt anna besøke Baroniet i Rosendal og fjellgarden Kjeåsen i Eidsdal. Påmelding snarast til Solveig Øren (57 74 47 49 eller 970 14 609). Andre enn pensjonistar er også velkomne.