-
·
Godt nøgd med bystyrevedtaket
Grendalaget er nogd med løysinga bystyret vedtok når det gjeld rehabilitering av Eikefjord Skule. Det var ei god løysing rådmannen skisserte og som bystyret vedtok, seirer grendalagsleder Anders Ole Sunnarvik. Grendalaget trur ein kan samle inn mellom tre og fem millionar og dersom ein i tillegg får 10-12 millionar i tippemidlar er ein kommen langt…
-
·
Storseier til Eikefjord
Eikefjord vant 5-0 mot Lærdal på Eikefjord Stadion fredag kveld. Heimelaget hadde 5 ulike målscorarar, og spelet var av ein slik karakter at det var verkeleg kjekt å sjå tangotrøyene. Det var fleire som skulle ha teke turen til stadion denne festkvelden. Les meir hos Eikefjord-fotball
-
·
Mykje fotball på bana idag
Det er stor aktivitet på bana idag, der A-laget avslutter med kamp mot Lærdal. Kl 14.30: Gutelaget og jentelaget til Eikefjord har trening.Kl 16.30: G 15/16 FLORØ-FØRDE , NM. Sunnfjord sine to beste gutelag i aksjon Kl 19.00: Kamp Eikefjord – Lærdal. Les meir hos Eikefjord-fotball
-
·
Veteranbilar kjem til Eikefjord laurdag 19. juni
Firdaløpet kastar glans over Eikefjord førstkommande laurdag kl 12. Då kjem 100 veteranbilar / motorsyklar til bygda vår.
-
·
Jonsokfeiring i Eikefjord
Det vert jonsokfeiring på Allhuset onsdag 23. juni frå kl 17.00 Sal av rømmegraut, mylse, kaffi, kaker, pølse m/brød og brus. KL 18.00 Tog med brudepar, hest og spelmann. KL.20.00 Tenning av bål på stranda. Storgrill vert tent. Sal av grilla pølser, chips, brus og kaffi. Alle er hjarteleg velkomne. ARR: Eikefjord Grendalag
-
·
Eikefjordkarusellen 14.06.2010
Eikefjordkarusellen 2010 vart flytta til måndag 14.06. Flott ver og eit dusin flotte ungar gjorde ettermiddagen til ei triveleg lita stund i Kvalvikdalen.
-

·
Mykje som skjer i Eikefjord…
Det er mykje som skjer i Eikefjord i tida framover. Her kjem nokre viktige datoer for sommarmånadane. Torsdag 17.juni: Asfaltering av strandpromenaden Laurdag 19.juni: Firdaløpet – Over 100 veteranbilar kjem til Eikefjord denne dagen. Frå ca. kl. 12-15 kan du sjå bilane som skal stille opp langs strandpromenaden, på parkeringsplassen ved Allhuset, og rundt omkring…
-

·
Ja til rehablitering av skulen
I dag var det maratonmøte i bytyret med mange store saker. Bystyret vedtok rehabilitering / utbygging av Eikefjord skule på 68 millionar kroner. Om bygda får fleirbrukshallen vil tida vise, ei plangruppe skal no jobbe vidare med kva funksjonar ein skal legge inn i den økonomiske ramma.Kilde: Firdaposten
-
·
Uavgjort borte mot Syril
Eikefjord spelte 1-1 borte mot Syril i helga. I følge Syril sine heimesider er det Eikefjord som har størst grunn til å vere nøgd med resultatet. Dei fekk med seg eit poeng heim trass i at Syril hadde dei fleste og største sjansane.Les meir hos Syril
-
·
På tur med A-laget?
Eikefjord Fotball sitt A-lag skal på tur til Leikanger og spele i mot Syril fyrstkomande sundag den 13. juni kl 16.00. Ein vil då invitere til å verte med på busstur i lag med oss! Les meir hos Eikefjord-fotball