-
·
Husflidsmessa
Minner om Husflidsmessa i Allhuset på søndag 31.oktober kl 13.00 – 18.00. Les meir
-
·
Berit nest øverst på Høgrelista
Nominasjonsnemda i Høgre er klar med sitt framlegg til liste til kommunevalget. Ikkje uventa er Berit Seljeset Osa nummer 2 på lista. Trine Hovland er neste Eikefjording på ein 15. plass. På grunn av dobbeloppføring av dei 4 første kandidatane er Trine nummer 11 på lista.For første gang på lenge har også Høgre fleir Eikefjordingar…
-

·
Eikefjord basket med ny kamp i helga
Basketballserien har nettopp starta og første obligatoriske basketballkamp i Sogn og Fjordane blei vunnen av Eikefjord. No har du anledning til å følge den andre kampen i Florø Idrettssenter 31 oktober kl 14.30
-

·
Folkemøte om nyeskulen
Tirsdag 2. november kl 20 arrangerer Grendalaget og Skulen folkemøte om nyeskulen i Allhuset. Prosjektleiar Jeiki Jagethesan presenterer tegninger og skisser. Det blir ope for spørsmål og kommentarer frå publikum.
-
·
Tidspunkt for «Sprell levande» samlingar hausten 2010.
«Sprell levande» samlingane er ein del av trusopplæringa i kyrkja, og er eit tilbod for alle born frå 4-8 år. Samlingane vil innehalde mykje sang og musikk, bibelforteljingar m.m. Denne hausten er det «Sprell levande» samlingar i Eikefjord kyrkje annakvar tysdag frå 18:00-19:00. Neste samling vert tysdag 2. november. Datoane for resten av hausten er: 16.november 30.november…
-
·
Nærkontakt med bjørn
I helga hamna elgjegerar i Sjåk ubehageleg nær ein stor brunbjørn. Og den som var nærast av alle, var Gunvar Seljeseth frå Eikefjord. Han gjekk som hundeførar for elgjaktlaget han er ein del av, og opplevde det som skjedde slik: – Hunden byrja oppføre seg merkeleg og trekte mot noko tett småskog. Då vi nærma…
-
·
Arbeidet igang i Svarthumla
Arbeidet med å rive bomstasjonen i Svarthumla er no igang. Bygget er slått til pinneved og arbeidet med å gjere vegbana smalare startar snart. Les meir i Firdaposten
-
·
Eikefjord dominans over
Arbeiderpartiet sitt listeframlegg til kommunestyret viser at den sterke Eikefjorddominansen er over. Det er kun Anders Ole Sunnarvik på 4. plass, som gjer comeback i politikken, som er inne blandt top 10 kandidatane. Neste eikefjording på lista er Asbjørn Sørdal helt nede på 16. plass. Les meir i Firdaposten
-
·
HUSFLIDSMESSE
Søndag 31.oktober vert det Husflidsmesse på Allhuset kl 13.00 – 18.00. Sal av Rømmegraut, Pølse m/brød, Kaker, Kaffi og Brus. Det vert Åresal!!!!! Inngangsbill: 10,- (gratis for barn under 10 år) NB: Det er nokon få standleie ledige. Er du intressert ta kontakt med Martha Vågane: tlf: 57744872 Mykje spennende julegaveideèr til både store og…
-
·
Historisk basketballkamp
På søndag spelte Eikefjord ein historisk basketballkamp mot Sotra fra Hordaland i den nye hallen i Florø. Det var første gang eit lag fra Sogn og Fjordane er med i ordinært seriespill.Eikefjord vant 42 – 38 i ein meget spennede kamp som ble avgjort av Eikefjord i det siste spilleminuttet. Guttene klarte å få inn…